Heim


På Jæren har Grethe Aarsland  funne grønsteinsbreksjen til å passe særs fint i sin heim. På kjøkenet har ho lagt ned 6 m2 med Black Beauty. Den største plata er 295x120 cm. Her ligg komfyrtopp nedfelt. Bak plata som den planlimte vasken ligg i, er det ei remse på vegg som har 10 cm høgde. Ho seier plata er fantastisk fin!



NORSK NATURSTEIN.

I vår produksjon hjelper vi deg med det meste innan stein til interiør og eksteriør. Vår spesialitet er steintypen Black Beauty. Klikk på linken oppe til venstre, så vil du få vite meir om steinen. Vil du ha noko utanom det vanlege i markedet, som er holdbart, slitesterkt og ikkje minst norsk, så er Black Beauty noko for deg. Vi leverer produkter ferdig tilskåret og polert til montering- etter mål. Det er like enkelt å montere stein som treverk til benkeplater, vindusbrett og liknande. 

Eit steinkast vest for Askvoll i Sogn og Fjordane, ligg Værlandet; eit lite øysamfunn tufta på kampånd og gjenstand for mektige naturkrefter. Øya er eit interessant og spesielt område av norsk geologi, så "steinrøysa neri´ bakken" er ikkje berre gråstein for vi som driv her ute. Det er heller eitt unikt naturprodukt med mange og ulike bruksområder. Vi bearbeider norsk naturstein som vi tek ut av eige brudd. Vi tilbyr kvalitet og eksklusivitet og set deg som kunde i sentrum for våre handlingar. Fleksibilitet gjev rom for dei fleste løysningar, tilpassa dine behov og ynskje. 

Sist endret 06.04.2018