Geologi


Dette er ei steinplate som viser overgongen mellom grønstein, (Mon Amoure) og grønsteinsbreksje, (Black Beauty). Grønsteinen kom opp frå jordas indre for 570 mill. år sidan, i Kambro-silursk alder. Avsatt på havbunnen.
For 400 mill. år sidan, i Devon tid, virket sterke krefter i jordskorpen. Det kom til grus og sand med elver i frå nord. Bergarten breksje, vart sedimentert. 

Vi har og plater som viser overgongen mellom grønsteinsbreksje, (Black Beauty) og konglomerat, (Picasso). 
Konglomeratet vart danna for 370 mill. år sidan. 
Dette er boller av ulikt slag typer stein som kom inn i bassenget her, ført over store avstander med elver. 

I steinbruddet Magnhildsenja har vi desse typane. 
På førespurnad hjelper vi deg gjerne med meir informasjon.